Fra
15. desember
Til
3. mars
Hele dagen
Korgmakar Hege Iren Aasdal heidrar i denne utstillinga norske korgtradisjonar og viser fram mangfaldet av korger, teknikkar og materiale.
Utstillinga inneheld eit utval av korgtyper som er fletta etter tradisjon fra ulike delar av landet.
Aasdal har svennebrev i korgmaking og var i tre år stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho har dei siste fem åra arbeida spesielt med tradisjonelle korger laga i splitta materiale. Da ho var stipendiat, jobba ho med å skaffe oversikt over kva korger som vart laga rundt i landet, kva materiale dei vart laga i og å lære seg teknikkane for å kunne vidareføre dei.
Utstillinga står i foajéen i andre etasje i besøkssenteret på Maihaugen.