Korgutstilling, foto: Catrine Kildemo
Foto: Catrine Kildemo / Maihaugen

Korgtradisjonar i Noreg

Fra
15. desember

Til
3. mars

Hele dagen

Korgmakar Hege Iren Aasdal heidrar i denne utstillinga norske korgtradisjonar og viser fram mangfaldet av korger, teknikkar og materiale.

Korger, foto: Catrine Kildemo / Maihaugen

Foto: Catrine Kildemo / Maihaugen

Korgtradisjonar

Utstillinga inneheld eit utval av korgtyper som er fletta etter tradisjon fra ulike delar av landet. 

Aasdal har svennebrev i korgmaking og var i tre år stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho har dei siste fem åra arbeida spesielt med tradisjonelle korger laga i splitta materiale. Da ho var stipendiat, jobba ho med å skaffe oversikt over kva korger som vart laga rundt i landet, kva materiale dei vart laga i og å lære seg teknikkane for å kunne vidareføre dei. 

Utstillinga står i foajéen i andre etasje i besøkssenteret på Maihaugen.

Sjå oversikt over alle aktuelle utstillingar.