Naturkrise_Kulturkise_Arrangement_Maihaugen_Lillehammer

Naturkrise = kulturkrise

Konferanse på Lillehammer

28. og 29. oktober 2024

Velkommen til konferansen: naturkrise = kulturkrise
Korleis kan vi kan bidra til ei berekraftig framtid og ei langsiktig forvalting av naturen?

Presset på naturen er større enn nokon gong. Nedbygging av fjellet er ei kjend problemstilling her heime. I mange land i verda er det krig og uro. Dette, saman med ei global klimakrise, reiser spørsmål om sjølvforsyning og bevaring av matjorda. Korleis sikrar vi naturen og kulturen best for framtida?

Velkomen til nasjonal konferanse på Maihaugen på Lillehammer 28.–29. oktober 2024. Til seminaret kjem James Rebanks – sauebønder og bestseljande forfattar frå Lake District i England. Det same gjer bloggar og vaktbikkje Anders Nordstad, stjernekokk og Credo-eigar Heidi Bjerkan, klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik og mange, mange fleire.

 

PROGRAM

Mandag 28. oktober:

Øl, mat og mingling på Kjøpstaden i Lillehammer sentrum.

Tema 1: Kvinner, mat og innovasjon

  • 19.00–22.00 Samtale med: 
    Heidi Bjerkan – høgst av alt står jorda. Frå Credo til Nasjonalbiblioteket.
    Kathrine Kinn – landbruk, kjønn og innovasjon. Erfaringar frå eige liv.  

Heidi Bjerkan, har vore kjøkkensjef på Slottet, fått ei stjerne frå Michelin og er eigar av matkonseptet Credo på Nasjonalbiblioteket. Kjernen i Heidis arbeid handlar om å formidle matkultur og mathistorie og slik stille spørsmål om korleis vi kan produsere og lage mat for best å ta vare på jordsmonnet, dyrevelferd og matglede.

Kathrine Kinn, er forfattar av boka En bondefortelling. Om livet på en liten gard og framtida for norsk jordbruk. Kathrine er bonde med mastergrad i sosiologi. Kathrine er rådgivar for og tidlegare nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag med levende engasjement for landbruk, kvinners plass i et mannsdominert yrke der de typiske maskuline verdiane har høg statur.

Tirsdag 29. oktober 

Seminar på Maihaugen

Tema 2: Matberedskap og sjølvforsyning

  • 09.00–09.55 James Rebanks, sauebonde og bestseljande forfattar frå Lake District i England. Rebanks kritiserer industrialiseringa av jordbruket og framsnakkar ein økologisk og tradisjonell tilnærming til matproduksjon. Rebanks er seminarets hovudtalar.
  • 10.00–10.30 Anders Nordstad, siviløkonom, bloggar og vaktbikkje. På Anders Nordstad Blogg (50 0000 følgjarar) framsnakker han eit småskala familielandbruk, og kritiserer utviklinga med stordrift, kommersialisering og eigne merkevarer (EMV).
  • 10.30–11.00 Pål Talmo, forsvarskoordinator mellom Trøndelag fylkeskommune, Ørlandet kommune og Forsvaret ved Ørlandet flystasjon, er oppteken av mat som beredskap. I ulike situasjonar, og særleg i ei tid med krig og politisk uro, er det viktig at vi som samfunn greier å forsyne oss sjølve med mat. Talmo snakkar om lokalmat som verdiskapar, kulturberar og beredskap.
  • 11.00–11.30 Pause
     

Tema 3: Er det plass til alle?

  • 11.30–12.00 Kjersti Bjørnstad (SP) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet og tidlegare fylkespolitikar i Oppland og Innlandet. Bjørnstad vil snakke om reiselivet som eit demokratisk gode og som støtte til ei berekraftig og framtidsretta lokalsamfunnsutvikling.
  • 12.00–12.30 Vandring i naturen er godt for folkehelsa, men auka trafikk kan utgjere eit trugsmål mot naturen og dyra. Er det på tide å begrense allemannsretten? Innlegg ved Ingunn Elise Myklebust, professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
  • 12.30–13.30 Lønsj
     

Tema 4: Ei framtid for natur- og kulturarven?

  • 14.00–14.30 Kulturminne er mål i krig og konflikt. For menneske på flukt kan tap av kulturarv kjennest som ei tilleggsbelastning. I lys av dei globale kulturminnetapa, kva blir strategien for å sikre og styrke vernet av vår eigen kulturarv? Innlegg ved Linda Veiby, konstituert avdelingsdirektør i Riksantikvaren med ansvar for beredskap, landskap og klima.
  • 14.30–15.00 Landbruksindustrien veks, men småbruka blir lagt ned og utmarkene gror att. Korleis skal vi få til ei realistisk omstilling til beste for naturressursane, dyra, menneska og maten? Innlegg ved Hanne Fjerdingby Olsen, førsteamanuensis ved fakultetet for biovitskap ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet, og leiar for NMBU berekraftsarena - Sustainable Food Systems.
  • 15.00–15.30 Jorda skal mette 8 milliardar menneske. Saman med dei landlevande pattedyra utgjer menneska 96 % av den globale biomassen. Det gir ikkje mykje plass til dei ville dyra og den urørte naturen. Kva blir framtida for naturarven når stadig nye areal skal brukast til å brødfø oss menneska? Innlegg ved Nils Petter Faarlund, tingevegledar og amanuensis i friluftsliv.
  • 15.30–16.00 Pause
     

Panelsamtale

  • 16.00–17.00 Verda er ramma av krig og naturkrise. Korleis påverkar dei dramatiske hendingane i verda vår eigen kvardag? Korleis kan vi sikre ei berekraftig framtid for eigen natur og kultur?
    Deltakarar i samtalen er:
    ▪ Statssekretær Kjersti Bjørnstad
    ▪ Forfattar og bonde James Rebanks
    ▪ Avdelingsdirektør i Riksantikvaren Linda Veiby
    ▪ Moderator: ikkje klart

 

PÅMELDING, PRIS OG OVERNATTING

STAD: Maihaugen, Lillehammer

TID: Måndag 28.— tysdag 29. oktober 2024

MÅLGRUPPE: Alle med interesser for utviklinga i fjellet og utmarka

PRIS: Kr 800 (inkl. lønsj)

DIGITALT: Arrangementet blir streama

PÅMELDING: 

PÅMELDINGSFRIST: 11. oktober

KONFERANSEHOTELL: Scandic Lillehammer Hotel. Lenke til bestilling her eller ring telefon 61 28 60 00. Referansekode BSTI281024.

ARRANGØR: Maihaugen, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Anno Museum

--

Konferansen er del av museumsprogrammet «Eit skigardsdele». Programmet har støtte frå Kulturdirektoratet.