Illustrasjoner: Charlotte Grønvold Menkerud, Lole Design
Gudbrandsdalsseminaret 2026
Velkomen til eit seminar der segner, tekstilkunst, litteratur og lokalhistorie blir vovne saman, og der jakta på Hekneveven held fram. Nedanfor finn du detaljert program og lenkje til påmelding.
Kl. 10.30–15.45
Program
10.30: Kaffe, lefserull og velkomen-mingling i foajeen.
11.00: Opningstale ved Kristin Brandtsegg Johansen, prosjektansvarleg og konservator for diktarheimane Bjerkebæk og Aulestad under Stiftelsen Lillehammer museum.
Folkevisa Marsk Stigs døtre ved Kristin Akslen Hagen, folkesongar, folkemusikkarkivar og avdelingsleiar ved Gudbradsdalsmusea avdeling Vågå, og musikar Hanne-Kari Bakke.
11.10: Ein leik med tråde og fargo. Rakel Onsum Berg – bildeveversken på Dovrefjell, ved Hans-Jakob Dahl, tidlegare sokneprest i Dovre og tidlegare leiar av Pilegrimssenteret Dovrefjell.
11.35: Bildetepper fra Gudbrandsdalen og sagnet om Heknesøstrene, ved Marianne Vedeler, professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum.
12.00: Lunsj med Hekne-meny, mingling og aktivitet i foajeen.
13.00: Utstillingsopning ved Kristin Brandtsegg Johansen, prosjektansvarleg og konservator for diktarheimane Bjerkebæk og Aulestad.
Les meir om opninga av utstillinga her.
Folkevisa De bortstjålne kongsdøtrene ved Kristin Akslen Hagen, folkesongar og folkemusikkarkivar, og musikar Hanne-Kari Bakke.
13.10: Samtale om romantrilogien om Hekneveven ved forfattar Lars Mytting og Tormod Stauri frå Gudbrandsdal historielag.
14.00: Velkomen til utstillinga!
15.00: Det var noe hun fant på der og da. Om rykter, sagn, fortellerkunst og vevkunst, ved Ida Tolgensbakk, folklorist og førstekonservator NMF Norsk Folkemuseum.
15.30: Avslutning og salmen Gladelig vil vi halleluja kvæde (1524), ved Kristin Akselen Hagen, folkesongar, folkemusikkarkivar og avdelingsleiar ved Gudbradsdalsmusea avdeling Vågå, og musikar Hanne-Kari Bakke.
Under arrangementet vil ulike aktørar demonstrere og formidle ulike vevteknikkar og tilverking av ull. Mellom anna kjem Kraftull frå Gausdal med norskproduserte produkt frå gamalnorsk spælsau.
Påmelding
Frist: 16. mars
Pris: Deltakaravgift: 150 kr. Lunsj: 240 kr.
Gudbrandsdalsseminaret er ope for alle.
Seminar og utstillingsopning
Gudbrandsdalsseminaret blir i år lagt til opninga av utstillinga Jakten på Hekneveven på Maihaugen. Utstillinga viser 12 biletvevar frå museumssamlinga og følgjer både jakta på dei anonyme vevarane og den rike motivhistoria i vevnadene.
Utstillingsprosjektet har òg eit formidlingsprosjekt på Maihaugen og oppover Gudbrandsdalen sommaren 2026.
Om Jakten på Hekneveven
Jakta på Hekneveven har alt gått føre seg eit par hundre år, og den segnskatten skal nå hentast fram, saman med biletvevane.
«Sagnet om Hekne-søstrene har vært kjent og elsket i Gudbrandsdalen helt siden tidlig på 1700-tallet, og kanskje lenger», skriv professor i arkeologi Marianne Vedeler, og legg til: «Som alle gode historier er den blitt fortalt på folkemunne gjennom mange slektsledd, og er i tidens løp blitt endret og utviklet.»
Seminaret er òg ei helsing til forfattaren Lars Mytting og romanane Søsterklokkene (2018), Hekneveven (2020) og Skråpånatta (2023). På same måten som Sigrid Undset gjorde for hundre år sidan, har Lars Mytting skrive fram forteljingar som er lokalt forankra i Gudbrandsdalen. Gamal tradisjon blir halde opp mot modernisering, tru mot vitskap, og bygdesamfunn i møte med storsamfunn. Ikkje minst skriv dei begge fram sterke kvinneskikkelsar, anten dei heiter Kristin Lavransdatter eller Astrid Hekne, som begge utfordrar forventningane i samfunnet.
Om Gudbrandsdalsseminaret
Gudbrandsdalsseminaret er eit årleg fagseminar som set søkjelys på historie, kultur og samfunnsutvikling. Seminaret fungerer som ein møteplass for både fagfolk og historieinteresserte, og har som mål å belyse aktuelle og historisk forankra tema gjennom føredrag og diskusjon. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid mellom Gudbrandsdal historielag Dølaringen, Gudbrandsdalsmusea og Maihaugen – Stiftinga Lillehammer museum.
Arrangementet er støtta frå Sparebankstiftelsen.

