
Omslag fra Samlaget / Maria Lavik fotografert av Tove K. Breistein.
Bokbad: Odelsskam - å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar
Stad: Øyer Prestegard, Midtbygdsvegen 57, 2636 Øyer
Odelsjente og forfattar av boka Odelsskam, Maria Lavik, samtalar med lokalmatsselger, forfattar og politikar Alice Gudheim. Velkommen til bokbad!
Frå boka Odelsskam:
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»
I Odelsskam skildrar Maria Lavik sin oppvekst på eit småbruk på Vestlandet – med sauesanking, store avstandar, bokbussen annankvar torsdag og forteljingar om ei livskraftig og motkulturell slekt. Som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho ha vendt tilbake? Boka følgjer den evige reisa mange utflytta opplever, i spennet mellom by og bygd, mellom «heim» og heim.
Historia hennar blir fletta saman med den særnorske, over tusen år gamle odelsretten – ein rett, men inga plikt. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar, endring og det å gi slipp på noko som har vore i familien i generasjonar.
Det blir sal av kaffi og kringle.
Om forfattaren:
Maria Lavik er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land. Ho har gjeve ut to sakprosabøker: Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom (2021) og Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar (2024)
Om innleiaren:
Alice Gudheim kjem frå Valdres. Ho er skribent og prosjektleiar for Valdresmusea si satsing «Ung i debatten». I tillegg driv ho Bitibua, ein tradisjonsrik kiosk med lokalmatutsal på Beitostølen i Øystre Slidre.
Maihaugen museum arrangerer bokbadet i samarbeid med Øyer Bygdekvinnelag, Øyer-Tretten Bonde- og Småbrukarlag og Øyer-Tretten Bondelag.
Arrangementet er finansiert gjennom prosjektet Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri. Les om prosjektet på Valdresmusea sine nettsider.
Prosjektet har fått midlar fra Kulturdirektoratet.