kaffebord på Jørstad Foto Audbjørn Rønning
Foto: Audbjørn Rønning / Maihaugen

Gudbrandsdalsseminaret 2023

25. januar

Tidspunkt
Kl. 09.30 - 16.20

Årets tema er "MAT: Meir enn eit måltid".

Matkultur er viktig i det moderne samfunnet, slik også i Gudbrandsdalen. Lokale mattradisjonar ser ut til å vera under sterk ytre påverknad. Internasjonale gigantar som McDonald’s og Burger King er etablert i dalen dei siste månadane. I mange familiar er middagen ikkje lenger det sentrale, daglege samlingspunktet. Ved institusjonane blir det varma posar frå ASKO, meir enn dei lagar mat frå botnen av på tradisjonelt vis. Og mange reiser verda rundt og adopterer spanande matopplevingar.

Denne dagen får du møte nokre av dei som lever av og for mat og matkultur. Du vil få greie på historie og bakgrunn for eigen matkultur, og kor gamle desse tradisjonane kan vera. Mattradisjonane i Gudbrandsdalen får vakne skråblikk utanfrå, og du får også høyre om korleis tradisjonsmaten vår blir motteken av eit internasjonalt
publikum.

Gjennom seminaret vil vi gi eit lite bidrag til at matopplevingar med rot i tradisjonen skal leva enda stoltare i tida som kjem. Krafta som ligg i denne viktige delen av kulturarven vår lyt vi sjølve ta ansvar for å ta vare på. Det vil sikre både våre eigne matopplevingar i tida som kjem, og det vil vera ei viktig kjelde til framtidig verdiskaping!

Midt på seminardagen vil du også få smakebitar frå Gudbrandsdalen sin matkultur.

Program

09:30: Registrering og kaffe
10:00: Opning og velkomst. Arne Skuterud
10:10: Tradisjon og råvarehistorie i måltids-opplevinga. Andre Sundero
10:40: Korleis undersøke maten og Matressursane i Gudbrandsdalen. Hans Olav Bråtå
11:10: Pause
11:30: Ei matreise frå boka «Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere» til prosjektet «Matnasjonen Norge. Annechen Bahr Bugge
12:00: Matutstillinga på Maihaugen og matverkstaden kjøkenet. Kristina Skåden
12:30: Matpause
13:30: Vandring i utstillinga «Mat: Meir enn eit måltid»
14:00: Dølamat til utlendingar. Haldis Myhre Tvete
14:25: Ysting og kinning på setra - Anne Hov. Randi Solbraa
14:40: Pause
14:55: Frå ysting på setra til høgteknologiske mat-fabrikkar. Gutorm Aarnes
15:25: Mat frå gard og grend. Marit Tordhol
15:40: Mat og religion. Kåre Hosar
15:55: Om husmannskosten til kvardags og fest. Odd Jan Skriubakken
16:10: Oppsummering og avslutning. Øystein Rudi
16:20: Slutt

Påmelding

Bindande påmelding innan onsdag 18. januar 2023 til:
Maihaugen
Maihaugvegen 1
2609 Lillehammer
Tlf 61 28 89 00
E-post: post@maihaugen.no 

Ved påmelding, gje opp:

  • Namn
  • Adresse, fakturaadresse
  • Tlf og epostadr

Seminaravgift: 750 kr
blir betalt til konto 1503.23.53824 ved påmelding.

Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov.

For spørsmål, kontakt:
Kåre Hosar, 90 62 78 81 eller Arne Skuterud, 90 74 78 75

Enkelte av foredraga vert trykt i årbok for Gudbrandsdalen.

Foredraga vert publisert under www.gudbrandsdalhistorielag.no.

Arrangører

Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea og Gudbrandsdal Historielag.