logo
Måleri av R. Einbu frå tinget på Hundorp 1021
Måleri av R. Einbu frå tinget på Hundorp 1021
Maihaugen / Hva skjer? / Gudbrandsdalsseminaret 2022

Gudbrandsdalsseminaret 2022

Hele året

Tidspunkt
09.30 - 16.00

Norge i 1000 år – Kulturmøte og endring

1000 år med ein kristna Gudbrandsdal

Hausten 1021 for vikingkongen Olav Haraldsson med sine hærmenn frå nord til sør gjennom Gudbrandsdalen. Føremålet var tosidig, kristne gudbrandsdølane og styrke si eiga makt i Norge. Den som ikkje bøygde seg for Olav sin vilje, vart hardt straffa. Det var inga varsam kristningsferd folket i Lesja,  Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel og Fron opplevde. Det heile kulminerte i «klubbeslaget» på Hundorp. Da Olav fall på Stiklestad i 1030, reknar vi at heile landet var kristna.  

I 2021 var det markering av desse hendingane i alle kommunane i dalen, som enda med ei stor markering på Hundorp 29. juli 2021. Dette blir tema for  Gudbrandsdalseminaret 2022. Her vil vi få foredrag om soge-forteljaren  Snorre Sturlason og hans Heimskringla, om olavstradisjonen og  reformasjonen, om kyrkjebygging i dalen og arkeologiske funn på Hundorp.  På olsokdagen i 1921 var det 900-årsjubileum på Hundorp med 5000 fram-møtte, blant dei kong Haakon. Denne tida var det fleire liknande store  nasjonale markeringar i Norge. Dette får vi også meir informasjon om. 

 

Påmelding

Bindande påmelding innan  Onsdag 12. januar 2022 til post@maihaugen.no

 Seminaravgift: Seminaravgifta er 600 kr 
Avgifta kan betalast ved  påmelding  
til  konto 1503 23 53824 Merk med Gudbrandsdalsseminaret og namn 

VIKTIG Dersom koronasituasjonen i  Januar 2022 gjer det uråd å gjennomføre arrangementet, kan vi måtte avlyse  seminaret. 

For spørsmål, kontakt:  
Kåre Hosar, 90 62 78 81 eller 
Arne Skuterud, 90 74 78 75