Steinhytte på fjellet med folk med frakk, hatt og kåpe rundt.
Frå Skeikampen 1927. Foto: Karl Ove Moen

Gudbrandsdals­seminaret 2020

Fjell skremmer, fjell lokkar. 12 korte og lengre foredrag om reiselivshistorie i Gudbrandsdalsfjella.

Onsdag 29. januar

kl. 09.30 - 15.45

  • Pris 600 kr, inkludert lunsj.
  • Påmelding innan 22. januar til post@maihaugen.no eller tlf. 61 28 89 00.

Reiseliv til ulike tider og i ulike former er emne for Gudbrandsdalsseminaret i 2020.

Fylket vi bur i blir rekna for det fremste reiselivsfylket i landet. Fjella våre har skremmt, og dei har lokka, og dei freistar med ekstreme utfordringar i Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen.

Fromme og botferdige pilegrimar drog over Dovre i mellomalderen, i dag går ein ny generasjon den same vegen. Setrene var mottak for dei første fjellturistane. Brystsvake fann likesinna på sanatoria. Somme stader, bl.a. på Høvringen og på Gålå, utvikla setergrendene seg til turistdestinasjonar.

Innover viddene spring hyttefelta opp til fritidsglede for mange, til inntekt for andre, og til bekymring under omsynet til den ville natur. Til fritidslivet høyrer også oppfatningar om fjellets arkitektur.

Dette er problemstillingar som blir sentrale for Gudbrandsdalsseminaret 2020.

Se program for Gudbrandsdalsseminaret 2020 (pdf)

Seminaret foregår i Maihaugsalen og arrangeres av Gudbrandsdal historielag, Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea og Innlandet fylkeskommune.

Få også med deg opninga av utstillinga "Hytta – Fire vegger rundt en drøm" kl. 15.45.

Lillehammer, Maihaugvegen 1, Oppland
Lillehammer Museum